Mitt navn er Turid. Eg er ei 34 år gammal tobarnsmor. Eg starta å trena januar 2020. Har alltid vore ein aktiv person, men når eg var 19år fekk eg diagnosen Ulcerøs kolitt. Dette er ein kronisk tarmsjukdom. På grunn av sjukdommen min er eg i dag 100% ufør og har ikkje vart i lagngvarig jobb siden eg fekk diagnosen. Eg var ho som blei valgt sist og som blei mobba i gymmen. Hata gym, og eg blei uvel bare nokon sa trening.

Etter min andre fødsel fekk eg ein fødselsdepresjon, og min vei ut av den har vore trening. Har aldri satt min fot på eit treningssenter, bruker kunn hjemmetrening. Starta forsiktig med turar i skog og mark. Litt og litt lenger for kvar gong og nokre enkle øvelser med strikk heime. I dag trenar eg 3 gonger i veka, av og til 4,og elskar det. Trening har gitt meg bedre fysisk og psykisk helse og det viktigaste er at eg følar at eg endeleg har fått kontroll over min egen kropp. Noko eg ikkje har følt sidan eg blei sjuk.

Eg trenar for meg, for å bli sterkare og at dei daglege gjøremåla skal bli lettare. I sommar var den beste sommaren eg har hatt si eg blei sjuk. Blei til og med Nutfant. (6 nutar på ein sesong, eg tok faktisk 3 nutar på ein dag.) eg Føler det hjelper meg å trene, så lenge eg gjer det i mitt tempo.

Tar eg i for hardt må eg betale for dette etrerpå med smerter og dårlege dagar. Det som motiverar meg er det å kjenna at kroppen forandrar seg. Greier meir og bruker mindre energi på ting eg må gjere å har meir energi til kjekke ting. Noko anna som motoverer meg er å sjå på andre. Spesielt fitness utøverar. Det å sjå korleis andre jenter og damer kan bygge kroppen sin med rett mat og trening. Har ikkje helse til den livsstilen der selv, men det er utruleg motoverande å sjå kor fantastisk flotte dei er. All den tid, krefter og innsats dei legg ner i treninga og kroppen sin.

Eg kjem til å fotsette med hjemmetrening og turar i skog og hei. Veit at det hjelper, men må også jobba med mitt eige sjølvbilete. Kropoen min har forandra seg, men hovudet heng etter. Det er fortsatt hos ho som hata gym og som blei mobba. Men eg er på rett veg. Så 2021,det blir nok eit fantastisk år!